Slik handterer skulen koronasmitte


Publisert:

02.12.2021

Oppdatert:

14.12.2021 kl.13.59

Smitten er aukande også i vår region, og det betyr at å handtere einskildtilfelle av smitte også er blitt ein del av kvardagen vår

Alle vidaregåande skular har gått over på raudt nivå, så også vår skule. Det betyr at me må overhalde dei generelle smittevernråda som til i kvar tid ligg frå nasjonalt nivå, og dei råda me får i dialog med smittevernoverlegen i kommunen. Og i tillegg så er det ei rekkje tilpassingar som me utabeider i tråd med krava til raudt nivå.  

Kva gjer så skulen når det oppstår smitte? 

Viss me får melding om smitta elev, enten som melder frå sjølv etter sjølvtest, eller via smittevernteam i kommunen, - så gir me klassen tilbod om å ta sjølvtest. Skulen har til ei kvar tid eit lager av testar. 

Me har ved eit par høve i haust også vurdert at det er såpass mange øvrige nærkontaktar til elevane at heile skulen har fått tilbod/oppfordring til sjølvtesting. 

Me erfarer at elevane er flinke til sjølve å vurdere situasjonen, og enten gjer ei vurdering i klassen i samarbeid med kontaktlærar/faglærar, eller som einskilde eller grupper. Det betyr at det kjem einskildklassar, grupper eller enkeltelevar for å hente testar.  Dette er nok den nye kvardagen.

Ved positiv sjølvtest skjer følgjande: 

  • Eleven må ringe smittesporingteamet i Tokke; tel. 903 66 117 for sjølv å melde frå og etablere kontakten. Då er det teamet som tar over sjølve sporinga og infomasjon og oppfordring av nærkontaktar/øvrige nærkontaktar. 
  • Me oppfordrar også dei med positiv test om å informere skulen og då gjerne gjennom kontaktlærar, slik at me kan tilby sjølvtest til heile klassen.
  • Me forsøker så langt råd er å skjerme den smitta, og oppfordrar vedkommande til å skaffe seg skyss heim. Ekstra hygienetiltak, som desinfesjon av kontaminerte flater og munnbind til vedkommande er standard. 
  • Skulen skal halde fram i størst mogleg grad som normalt, men det hender at klassen får fri resten av dagen, og vi vurderer om klassen skal få heimeskule dagen etter.  Dette er individuelle vurderingar og ikkje standard.

Dette skjer også på skulen:

Skulen har munnbind for utdeling, og oppfordrar elevar til å bruke dette om ein kjenner seg usikker på smittesituasjonen. Vi ber også elevane om å halde avstand. 

Skulen har auka fokus på symptom, og oppfordrar alle om å følgje ekstra godt med. Det skal vere særs låg terskel for å halde seg heime. 

Skulen har framleis skjerpa hygienerutinar, der me mellom anna klorer oveflater jamleg, har spritdipensarar og munnbind tilgjengeleg der det er naturleg og auka frekvens på reinhald.

Dei nasjonale og kommunale råda ynskjer at me skal leve mest mogleg som normalt, men i desse dagar er me pålagt ein del restriksjonar.

Det vert oppfordra til auka munnbindbruk.

Skulen er ein viktig arena for læring og sosiale møteplassar. Skulen bør derfor ikkje ha strengare tiltak enn elles i samfunnet, heller motsatt, for å oppretthalde elevane si læring. Det sit derfor langt inne å stenge ned aktivitet. 

Me opplever elevane våre til å vere flinke i skulesituasjonen, og dei er observante på eigen aktivitet. Dette er viktig kunnskap i det samfunnet vi forheld oss til akkurat no. Restriksjonar og pålegg kan til ein viss grad fungere, men i det lange løp er det gode haldningar og rutiner, ikkje minst refleksjon kring eigen aktivitet, som er det viktigaste i den kampen me står i. 

Det viktigaste som me må gjere også framover er: 

  • Vaksinere oss
  • Vere obs på og halde oss heime ved symptom
  • Halde avstand og ha god hand- og hostehygiene
  • Det er også smart å teste seg om ein er usikker, og fortelje om det til dei me har nær oss.