Langt telefonnummer?


Publisert:

11.08.2021

Oppdatert:

28.08.2023 kl.08:43

Skulen kan sende SMS til alle elevar, men avsender viser eit veldig langt telefonnummer - Det går heilt fint :-)

Vestfold og Telemark fylke har fått nytt skuleadministrativt system; VIS.

SMS-varsling frå dette systemet viser eit veldig langt telefonnummer. Vanlegvis er me skeptiske til slike, men akkurat her, så må me, inntil det eventuelt kjem nokon nytt, berre leve med det. Kvar person som kan sende slike meldingar har kvar sitt laaange nummer

Her kjem eit tips: 

Når du får ei slik melding; lagre nummeret på telefonen din, og gi det eit høveleg namn. Viss du veit at det er ein bestemt lærar, så kan du lagre det på lærarnamnet. Neste gong det kjem SMS, så vil namnet på læraren dukke opp og ikkje dette lange, ukjende nummeret. 

Viss du er usikker på kven det er, for eksempel at det kjem ei melding som har gått til alle elevar frå leiinga, så kan du rett og slett lagre det under Vest-Telemark vidaregåande skule. Du kan lagre mange nummer under same namn. 

Lykke til!