Velkommen til praksiskurs

Foto: Guro Stordrange

Av:

Siv Reidun Eide

Publisert:

29.11.2022

Oppdatert:

01.12.2022 kl.13.56

8. desember fyller me skulen med 10. klassingar frå heile regionen, for å vise alle dei spennande utdanningsprogramma våre.

Studiespesialisering

DSC_6109.jpg

På studiespesialisering vil du møte elevar frå både vg 1, vg2 og vg3 og få ein liten smakebit av mange fag:

Entreprenørskap og bedriftsutvikling er eit fag der elevane lærer det som skal til for å skape si eiga bedrift. Du får møte den gruppa som har faget dette året.

Breiddeidrett er eit av programfaga på studiespesialisering. Dette faget tilbyr vi både på vg1 og vg2. Delar av tida kan du sjølv velje kva for idrett du vil fokusere på. Glede og meistring står i fokus, og elevane skal erfare kva trening kan bety for eiga utvikling.

Vi har også nokre fellesfag. I år får du bli med i tysk og geografi. Dessutan får du møte elevar frå vg 3 som fortel litt om korleis det er å gå på studiespesialisering og kanskje viser dei bilete frå utanlandsturen dei akkurat har vore på?

_DSC6746.jpg

Velkommen til oss!

Me gler oss til å møte deg!

_DSC6731.jpg

Kjemi er eit av programfaga på studiespesialisering. Faget handlar mellom anna om korleis ulike stoff er bygd opp og reagerer med kvarandre. Her gjer elevane forsøk og prøvar å forstå korleis naturvitskapen kan vere med å utvikle samfunnet.

Helse- og oppvekstfag

På denne linja vil du møte elevar frå helse- og oppvekstfag. Dei kjem til å ta dykk med til helsesalen og kjøkkenet vårt. Her har vi til dømes senger, øvingsdokker, anatomiske modellar som skjelett, og apparat for å måle blodtrykk og blodsukker.

På praksisdagen skal de få teste utstyret vårt. De skal innom ulike stasjonar og gjennomføre helsefaglege prosedyrar.

HO6.JPG

HO5.JPG

Teknologi- og industrifag

På praksiskurset vil du bli kjend med verkstadområdet vårt.

Saman med elevane som går på vg2 industriteknologi, arbeidsmaskiner og køyretøy skal du innom fleire stasjonar og gjere ulike former for verkstadarbeid.

Alle vil få høve til å lage sin personlege flaskeopnar, og de skal både frese, sveise og gjennomføre PC-diagnose på bil og traktor.

246846207_264453552354692_1277925061104059106_n.jpg

Sveis.JPG

Kanskje blir du den heldige vinnaren av Darth Vader-figuren de skal lage på verkstaden?

Dart.JPG

Elektro

lodding.JPG

el1.jpg

På elektrolinja vår skal du bruke dagen på arbeide med straum i ulike former.

Kva er eigentleg straum, spenning, motstand og diodar?

Forhåpentlegvis veit du meir om dette etter ein dag på elektrolinja. Saman med elektroelevane våre skal de få prøve dykk på lodding på kretskort, montering og kopling av ljos, brytarar og stikkontaktar.

Førebu deg på ein spennande dag!