Gult nivå på smittevern


Publisert:

03.01.2021

Oppdatert:

22.01.2021 kl.07.48

Skulen er tilbake på gult nivå når det gjeld smittevern i samband med koronasituasjonen
Oppdatert 20. januar:
Frå 20. januar er skulen vår tilbake på samme nivå (gult) som før jul. Vi minnar om at dette ikkje er grønt, og at vi dermed framleis har ein del gode smittevernreglar og rutiner å forhalde oss til. mellom anna er handhygienen særs viktig - å vaske hendene ofte eller sprite - og utanfor klasserommet må ein halde minst ein meter avstand. 
 
Oppdatert 4. januar: 
Det er laga planar for kva klassar som skal møte på skulen og kva klassar som skal ha heimeskule. All informasjon til elevane vert lagt på Teams, så elevane må følgje med der. 
Kontaktlærarane legg ut informasjon til sin klasse. Viss du er elev, og ikkje har funne informasjon om kor du skal vere til ei kvar tid; kontakt kontaktlæraren din. 
 
3. januar: 
Informasjon frå Vest-Telemark vgs beredskap: Alle vidaregåande skular er frå måndag 4. januar på raudt nivå i samband med koronasituasjonen.
 
Det vert difor ikkje skule for elevane måndag 4. januar for alle klassane på Dalen. Seljord har eige opplegg, og alle elevar der får særskild informasjon.
 
I løpet av måndag 4. januar skal det leggjast planar for korleis dei neste 14 dagane skal gjennomførast, og informasjon om dette vert lagt ut på Teams og skulen si heimeside så snart planane er klare - følg derfor med der.
 
For dei elevane som har PC og læremateriell liggjande på skulen er det høve for å hente dette.
Skuleskyss går som normalt.