Samtaler med føresette

Foto: Luke Tennant

Publisert:

01.11.2023

Oppdatert:

01.11.2023 kl.15.14

Alle føresette til elevar under 18 år er invitert til foreldresamtaler onsdag 15. november

Det er sendt ut innkalling til alle føresette, der ein kan melde seg på til samtale med kontaktlærar og dei faglærarane og representantane frå leiinga som ein ynskjer. 

Ut frå påmeldingane blir det sett opp skjema som syner når, med kva lærar og kva rom ein skal vere på.

Kvar faglærar har sitt rom, og dei føresette og elev møter der. Det er viktig å vere presis på tida, då me har ein del lærarar som har tett program. Det er difor uråd å forskyve på tida. 

Elevane får med seg denne planen heim når den er klar. Den vert også hengt opp, og delt ut ved døra. Me prøver å ha folk til stades i fellesareala, som kan guide til rett plass. det er likevel lurt å sjå litt på planen før ein kjem, slik at ein vert trygg på kor ein skal. 

Me ynskjer vel møtt til gode samtaler!