Endringar i leiinga


Publisert:

20.03.2020

Oppdatert:

04.08.2020

No er det Lars Kleve som styrer yrkesfagskuta på Dalen.

Anders Heggard har gjort ein glimrande jobb som vikar for Kevin Rue dette skuleåret. Når vi gjorde ei totalvurdering av skuletilbodet vårt og behovet for leiarar, så måtte vi redusere litt, og vi har dermed ein avdelingsleiar mindre vidare framover. derfor har Lars Kleve overtatt yrkesfag på Dalen. Lars har god erfaring frå avdelingsleiarjobben for medier og kommunikasjon, og har elles bakgrunn innan mediefag og samfunnsfag. 

Vi ynskjer han lykke til i jobben, og håpar på godt samabeid med dei tre avdelingane; Helse- og oppvekstfag, Elektro og datateknologi og Teknologi og industrifag.