Solidaritetsdag 6. november

Foto: Kristin Hestman Vinjerui (frå Facebooksida til prosjektet)

Av:

Siv Reidun Eide

Publisert:

19.10.2020

Oppdatert:

19.10.2020 kl.19.02

Elevrådet har bestemt at det vert solidaritetsdag fredag 6. november
Det betyr at alle elevane får bruke fredag 6. november til å jobbe og tene kr. 400,- som går til solidaritatsprosjektet vårt Bright Future i Ghana.
 
Dei elevane som ikkje ynskjer å jobbe for prosjektet må møte på skulen, og får velje mellom ulike oppgåver når dei kjem.
 
Det kjem ut meir praktisk informasjon når det nærmar seg aksjonsdagen.
 
Les meir om solidaritetsprosjektet vårt på heimesida vår, på Facebooksida til prosjektet og les brevet frå Kristin Hestman Vinjerui, som er tidlegare elev og primus motor for prosjektet!