Solidaritetsdagen

Foto: Kristin Hestman Vinjerui

Publisert:

15.10.2020

Oppdatert:

15.10.2020

Vi har fått brev frå solidaritetsprosjektet vårt

I desse dagar jobbar me med å planlegge aksjonen i år. Me håpar me greier å få til å jobbe for å samle pengar til prosjektet allereie no i haust, og elevrådet drøftar kva me kan få gjort. 

Skulen har støtta arbeidet med ein barnahage/forskule i Ghana i fleire år. Les meir om sjølve prosjektet her

For nokre dagar sidan fekk me brevet under frå Kristin Hestman Vinjerui, som er tidlegare elev ved skulen og primus motor for prosjektet. Det fortel oss at det er sårt tiltrengde midlar me samlar inn, og me håpar derfor å få til ein aksjon. :

Hei Siv og alle ved Vest-Telemark vidaregåande skule

Korleis er det med dykk? Det var eit artig innslag om traktor-gjengen her tidlegare i september! Men ellers lurar me og dei i Ghana på korleis oppstarten har vore for dykk i haust?

I Ghana har barnehagen vore stengt frå midten av mars til starten av september. Så er det lagt opp til gradvis gjenopning, med god gamaldags omreisande lærar med små grupper av elevar i heimeskule. No er planen full opning frå januar. Det har vore svært utfordrande for borna i Techiman, fordi dei færraste har internett, slik at det rett og slett har vore 6 mnd utan særleg skulegang. 

Elles har me samla inn til utdeling av hygieneartiklar og matutdeling til borna og familiane 2-3 gonger i denne perioden. Tida med tiltak mot corona i Ghana er knalltøff for folk flest, tilgang til reint vatn, såpe og handsprit er ikkje sjølvsagt. Prisane har gått opp og logistikken er utfordra, slik at det òg har vore manko på varer av alle slag. Dermed har svelt vore ein reell trugsel for borna i Techiman. :(

Dei i Ghana er svært spente på om det vil vera mogleg for dykk å gjennomføre Solidaritetsaksjon i år? 

Me er i etterslep på vedlikehald og faktisk hovudbygning "Vest-Telemark Block", treng å skifte tak, då det har kollapsa. Eg vil tru det er sandgrunnen det står på, som kan vera noko av årsaka. Det vaskast vekk mengder med jord og sand kvart år, slik at det stadig har blitt lagt til eit trappetrinn i front, til dømes. Eg legg ved nokre bilete. Budsjettet for dette, samt vedlikehald av leikeområdet ute, er  38490 GHS = 64321 NOK (27.09.).

Som de ser, er det vedvarande stort behov for støtte ved Bright Future Pre-School. 2020 er eitt spesielt tøft år for Bright Future, men det gjeld for dei fleste og sikkert også Vest-Telemark vgs., så me er veldig spent på kva de trur kan vera mogleg å få til i år.

Vh Nana Yaaya Kristin Hestmann Vinjerui

Bright Future Projects - Norway

 

Tak i Ghana 1
Caption