Velkommen til nytt skuleår og nye heimesider


Publisert:

12.08.2020

Oppdatert:

12.08.2020

Skulen startar måndag 17. august klokka 8.30 både på Dalen og i Seljord

Alle som skal starte i 2. eller 3. klasse skal møte i klasseromma sine. Informasjon om kva rom de skal vere i vert slått opp ved inngangane. 

For dei som er heilt nye ved skulen vil det vere guidar som leiar dykk rett. 

For alle førsteklassingane på Dalen er det frammøte i kantina. Der ber vi dykk om å finne skilt med klassen du skal gå i, og gå til det området med ein gong. Dette av smittevernomsyn. 

Mykje av informasjonen du treng i samband med skulestart vert samla i eit elevhefte. Samme informasjon vil vi etter kvart legge ut på desse sidene også. Pr no er ikkje alt klart for dette, men vi oppdaterer fortløpande.  

Kjem du langvegs frå, og må bu på hybel, så har me ei liste over moglege utleigarar