Me skal gjennomføre Ungdata


Publisert:

01.02.2021

Oppdatert:

01.02.2021 kl.12.48

I 2021 blir ungdataundersøkinga gjennomført i Vestfold og Telemark blant elevar i den vidaregåande skulen. For at undersøkinga skal gje eit godt bilete av situasjonen i Vestfold og Telemark, er det viktig at så mange som mogleg deltek. Undersøkinga går føre seg på skulen i løpet av veke 9 til 12.

Ungdataundersøkinga skal 

  • Gje ungdommar som går på vidaregåande skule eit høve til å fortelje lokale politikarar og styresmakter om korleis det er å vekse opp i lokalmiljøet.
  • Skaffe ny kunnskap om ungdommen sine oppvekstvilkår til bruk i kommunen og fylket sitt arbeid med denne aldersgruppa.
  • Gjere det mogleg å samanlikne med andre fylke/ kommunar og nasjonale tal, og bidra til forsking.

Sjå meir på informasjonssida til undersøkinga eller på Ungdata sine eigne nettsider