Elevundersøkinga

Skulen gjennomfører årleg Elevundersøkinga frå UDIR. Her får elevane seie meininga si om læring og trivsel i skulen. Svara vert brukt av skulen, kommunen og staten for å gjere skulen betre.

Skulane kan invitere elevar fra 5. trinn til og med Vg3 til å svare på spørsmåla i Elevundersøkinga. Det er alltid frivillig for elevane å delta. Dei kan også hoppe over spørsmål dei ikkje ynskjer å svare på.

Når vert undersøkinga?

I haustsemesteret er det er obligatorisk for Skulane å gjennomføre Elevundersøkinga på 7. trinn, 10. trinn og Vg1. Skulane vel sjølv om dei vil gjennomføre på fleire trinn. Gjennomføringsperioden for haustsemesteret 2022 er for vår skule 14. november til 2. desember

Kontaktlærarane tar initiativ til å finne eit godt tidspunkt for gjennomføring i sin klasse. VG2 HO er i YFF i perioden, men får eige tidspunkt av kontaktlærarane sine.

Tema og spørsmål 

Spørsmål om følgjande emne er obligatoriske på hausten:

  • Trivsel
  • Motivasjon, arbeidsforhold og læring
  • Heim-skule-samarbeid
  • Støtte frå lærar
  • Vurdering for læring
  • Medverknad
  • Reglar på skulen
  • Trygt miljø
  • Rådgjeving

Sjå emna og spørsmåla i Elevundersøkinga

Før undersøkinga

Skulane skal informere foreldre og føresette om Elevundersøkinga i forkant av gjennomføringa.

Skulane bør gå gjennom spørsmåla med elevane, slik at eventuelle mistydingar blir retta opp før elevane svarer. Omgrep som for eksempel mobbing og elevmedverknad kan bli drøfta og klargjort.

Kor og når kjem resultat?

Skulane og skuleeigar har oversikt over sine eigne resultat i nettportalen (krev pålogging). 

Nasjonale tal for mobbing er publisert i rapporten Mobbing og arbeidsro

I februar publiserer vi resultat på skuleporten.no. Her finn du tal på nasjonalt nivå, fylkesnivå, kommunenivå og skulenivå, men berre for trinn. 

Gjennomføring

Gjennomfør undersøkinga