Råd og rettleiing i skulekvardagen

Har du spørsmål kring utdanning og skulekvardagen, då kan nokon av dei du ser under her kanskje vere til hjelp

Råd om studier og dokumentasjon

Knut Magne Momrak
Knut Magne Momrak

Karriærerettleiar

knut.magne.momrak@vtfk.no

92643659

Birgit Johanne Kovajord Olsnes

Avdelingsleiar pedagogisk støtte

birgit.olsnes@vtfk.no

92884024

Studieleiar har ansvar for vitnemål, elevinntak, all kartlegging, marknadsføring, Pocket-ID, DKS, solidaritetsaksjon, kompetanseutvikling og det pedagogisk utviklingsarbeidet.

Vidare ligg også følgjande ansvarsområde pr. no til denne stillinga; IKT-rådgjevar, HMS og beredskap, VIS-ansvarleg og koordinator for yrkesmessa.

Rådgjevar hjelper deg med framtidsplanane dine. Han har oversikt over alle skular, høgskular og universitet som du kan søkje vidare på, og hjelper deg med å finne dei utdanningane som passar best for deg. Rådgjevar er gjerne også den som du kontaktar om du har utfordringar i skulekvardagen, og vurderer å gjere endringar i utdanninga di. 

Studieleiar har ansvaret for at du får den dokumentasjonen du treng for å kunne gå vidare til neste nivå. Studieleiar sjekkar at du har det som trengs for å få eit fullverdig vitnemål eller kompetansebevis, eller at du støttar dei krava som trengs for å gå ut i lære. Studieleiar lagar også fullføringsplanar og skriv nødvendig dokumentasjon viss det skulle vise seg at du treng ulike former for støtte, endring av fagsamansetting, ekstra fag eller lengre tid på utdanninga di. Studieleiar har også ansvaret for at dei elevane som vert tatt inn har dei nødvendige kvalifikasjonane for å få lov til å gå på dei ulike programområda. 

Avdelingsleiarar undervisning

Lars Ramdal Kleve

Avdelingsleiar Yrkesfag

lars.kleve@vtfk.no

48006639

Avdelingsleiar for yrkesfag har ansvar for alle tre avdelingane; Teknikk og industriell produksjon (TIP), Helse- og oppvekstfag (HO) og Elektrofag (EL). Han er personalansvarleg for alle lærarar som høyrer til dei tre avdelingane. 

Har du spørsmål eller utfordringar som gjeld den utdanninga du går på, klassen din eller faga du har, så kan avdelingsleiar vere den du går til først for å få råd og rettleiing. 

Åsne Berge

Avdelingsleiar studiespesialisering

aasne.berge@vtfk.no

95878252

Oppgåvene til avdelingsleiarane

Avdleingsleiarane er dei som kan faget ditt aller best, og som dermed kan forklare deg det du treng for å gjennomføre skuleåret på best mogleg måte. Har du spørsmål eller innspel som gjeld klassen din eller opplæringa du får, så er det lurt å kontakte avdelingsleiar, viss du ikkje kan ta det direkte opp med faglæraren eller kontaktlæraren din.