Om fråværsreglane

Det kan vere utfordrande å forstå og tolke reglane for fråvær. Her prøver me å klargjere nokre reglar og rutiner som gjeld for vår skule.

Fråværsreglane er heimla i opplæringslova sine forskrifter § 3-9.

Målet med å ha fråværsreglar er: 
  • Motivere eleven til jamn innsats
  • Forhindre skulk
  • Bidra til likebehandling av fråvær, - og gjere det forutsigbart og trygt
  • Førebu på reglar som gjeld i arbeidslivet
  • Bidra til at eleven meistrar livet.

Me har laga ei enkel framstilling av fråværsreglane i denne presentasjonen, som me nytta på fyrste møte med føresette i august 2022. 

I arbeidslivet har ein eigenmeldingsdagar, og deretter må ein ha sjukmelding frå lækjar. 10%-regelen er elevane sin eigenmeldingsregel, og bør difor nyttast med same utgangspunkt. 

For dei med kronisk sjukdom eller funksjonesnedsetting, er det lurt å skaffe til vegs dokumentasjon for dette. Skulen kan gjere enkeltvedtak som gjeld fråvær ut frå denne.

RUTINE: Kommuneoverlegar/Legekontor i Vest-Telemark har sams praksis:

Denne vert nytta av alle legekontora i Vest-Telemark, når det er nødvendig med dokumentasjon av sjukefråvær: 

  • Eleven ber fastlegen om attest når det er fare for 10% fråvær i eit fag. 
  • Eleven kontaktar fastlegekontoret sitt same dag, ikkje på etterskot, med stikkord om kva det gjeld. 
  • Eleven vil bli kontakta og handsama etter rutine på legekontoret, til trengande helsehjelp eller berre attest. 
  • Fastlegen vurderer vilkåra, og skriv ev under på attestert fråvær frå og til. Avgjerdsgrunnlaget for attesten er personsensitivt og blir i pasientjournalen.

Du finn rutina i heiltekst her

Kven har inngått avtalen og kva kommunar gjeld rutina for? 

Kommuneoverlege i Tokke: Lars Håvard Eriksen

Kommuneoverlege i Vinje: Marius Opsahl

Kommuneoverlege i Kviteseid/Seljord: Kine Jordbakke

Kommuneoverlege i Fyresdal: Karin Kristin Østerhus

Kva reglar er det som gjeld for sjukefråvær? 

Rutina har bakgrunn i følgjande regeleverk:

Forskrift til opplæringslova §3-9:

«I vidaregåande skole skal ein elev ikkje få standpunktkarakter eller halvårsvurdering med karakter ved fråvær over fråværsgrensa i faget. Fråværsgrensa er på 10 prosent av årstimetalet i faget.

Fråvær som det er dokumentert at kjem av grunnane nemnde i § 3-45 femte ledd bokstav a til f og åttande ledd, skal ikkje inngå i fråværsgrensa.» 

Ein av grunnane i § 3-45 er «Helse- og velferdgrunnar», og Utdanningsdirektoratet har lagt til grunn at dokumentasjon berre kan utferdast av kvalifisert personell:

Utdrag frå Utdanningsdirektoratet sitt presiseringsskriv (nett):

«Hva kan være dokumentert fravær?

Eleven må legge fram relevant dokumentasjon for å få fravær strøket fra vitnemålet eller unntatt fra fraværsgrensen. Disse typene fravær kan være dokumentert fravær:

Sykdom

Sykdom regnes som dokumentert fravær. Dette gjelder både fysisk eller psykiske helsegrunner, kronisk sykdom eller funksjonshemming. Fraværet kan bli unntatt fra fraværsgrensen fra første time, men kan ikke strykes fra vitnemålet før etter tredje dag. Fravær på grunn av kronisk sykdom eller funksjonshemming kan strykes fra første dag.

Gyldig dokumentasjon er legeerklæring eller dokumentasjon fra annen sakkyndig, som for eksempel helsesykepleier, fysioterapeut, tannlege eller psykolog (herunder BUP). Det er ikke nok med kun egenmelding fra foreldre eller myndige elever.»  Utdanningsdirektoratet

Kva er grunnen til at rutina er laga? 

Fråværsreglane skaper eit auka press på allereie overbelasta fastlegar, og difor ynskjer alle partar at bruken av faslegekontoret skal bli så lågt som mogleg. 

Ved felles praksis, får legekontora og fastlegane ei rutine som lettar arbeidsbyrden - dei slepp å lure på kva dei skal skrive og korleis dei skal handtere dette.

Skulen får dokumentasjon som inneheld dei opplysingane som trengs, frå dei som er sakkunnige. 

Kommunelegane slepp å utstede dokumentasjon tilbake i tid. Dei kjem med denne rutina som hovudregel ikkje til å tilbakdatere sjukmeldingar. 

Reglar for køyreopplæringa

Tre delar av køyreopplæringa er også gyldig fråværsgrunn, jf. opplæringslova §3-9 andre ledd, siste del:

"Fråvær som det er dokumentert at kjem av grunnane nemnde i § 3-45 femte ledd bokstav a til f og åttande ledd, skal ikkje inngå i fråværsgrensa. Det same gjeld dersom fråværet skyldast følgjande delar av den obligatoriske trafikkopplæringa til førarkort klasse B: tryggleikskurs på bane og andre og tredje del av tryggleikskurs på veg, jf. trafikkopplæringsforskriften kapittel 11."

Trafikkloven-11-6

Trafikklov-11-8

NB! For elevar i Vest-Telemark vil dei tre delane kvar føre til fråvær ein heil dag. Dette tek skulen høgde for, og godkjenner som gyldig fråvær. Dei tre dagane kan dokumenterast på vitnemål, viss dokumentasjonen samla vert levert til Reidun i resepsjonen i god tid før vitnemåla skal skrivast. 

Korleis dokumentere køyreopplæringa? 

Køyreskulane har ein eigen APP der all opplæring vert dokumentert. Utskrift frå denne appen i kobinasjon med framvising av appen, tener som dokumentasjon for dei delane som er gyldige fråværsgrunnar.

Døme: (dei tre delane innramma i raudt er dei godkjende fråværsgrunnane) 

trafikkapp2.JPG

Korleis skrive ut domumentasjon for køyreopplæring? 

trafikkapp7.JPG

Vestfold og Telemark fylkeskommune har også eigen informasjon om regelverket på eigne sider

Publisert:

10.10.2022

Oppdatert:

13.10.2022 kl.10:52