Ungdata


Publisert:

01.02.2021

Oppdatert:

01.02.2021 kl.12.49

I 2021 blir ungdataundersøkinga gjennomført i Vestfold og Telemark blant elevar i den vidaregåande skulen. For at undersøkinga skal gje eit godt bilete av situasjonen i Vestfold og Telemark, er det viktig at så mange som mogleg deltek. Undersøkinga går føre seg på skulen i løpet av veke 9 til 12.
FØREMÅLET MED UNDERSØKINGA
  • Gje ungdommar som går på vidaregåande skule eit høve til å fortelje lokale politikarar og styresmakter om korleis det er å vekse opp i lokalmiljøet.
  • Skaffe ny kunnskap om ungdommen sine oppvekstvilkår til bruk i kommunen og fylket sitt arbeid med denne aldersgruppa.
  • Gjere det mogleg å samanlikne med andre fylke/ kommunar og nasjonale tal, og bidra til forsking.
KVA VI SPØR OM I UNGDATA?
  • Forhold til skulen, venner og foreldre
  • Fritid og fritidsaktivitetar
  • Helse, trivsel og livskvalitet
  • Mobbing
  • Seksualitet
  • Regelbrot, vald og rusmiddelbruk
  • Utdanningsnivået, den økonomiske situasjonen, landbakgrunnen og busituasjonen til foreldra

Du kan få tilsendt det fullstendige spørjeskjemaet ved å kontakte regionalt kompetansesenter på rusfeltet (KoRus).

KORLEIS BLIR UNGDATA GJENNOMFØRT?
  • Det er sett av éin skuletime til å svare på undersøkinga.
  • Undersøkinga blir gjennomført elektronisk ved at ein loggar seg inn på svarsida til Ungdata med ein tilfeldig eingongskode.
DET ER FRIVILLIG Å DELTA
  • Undersøkinga er frivillig.
  • Dei som svarer, kan hoppe over spørsmål dei ikkje ønskjer å svare på, og kan slutte å svare undervegs, dersom dei ønskjer det.
  • Føresette med barn under 18 år kan reservere seg mot at barna deira skal delta ved å gje melding til kontaktlæraren/skulen.
OM PERSONVERN
  • Deltakarane sine svar vil bli behandla konfidensielt. Det vil seie at berre forskarar og rådgjevarar i prosjektet og firmaet som registrerer dei elektroniske svara, vil få tilgang til svara.
  • Det vil ikkje vere mogleg å kjenne att nokon som har svart når resultata frå undersøkinga blir offentleggjorde.
  • Forskingsdata som inneheld moglege indirekte personopplysningar, vil bli oppbevarte på eit sikkert område fram til utgangen av 2025. Etter det vil alle opplysningane bli anonymiserte.
  • Ungdataundersøkinga er godkjend av personvernombodet ved OsloMet (personvernombudet@oslomet.no).
  • Datasettet vil ikkje innehalde direkte personopplysningar, og det vil difor heller ikkje vere mogleg å få ein deltakar sine data retta eller sletta i etterkant av undersøkinga.
  • NOVA behandlar opplysningane basert på samtykke frå deltakarane.
BEREDSKAP

Skulehelsetenesta vil ha beredskap etter undersøkinga for elevar som måtte trenge det.

ANSVARLEG FOR UNDERSØKINGA

Undersøkinga blir gjennomført av

Velferdsforskningsinstituttet NOVA ved OsloMet – storbyuniversitetet og KoRus Sør, på oppdrag fra Vestfold og Telemark fylkeskommune.

KONTAKTINFORMASJON

Ungdatakoordinator:

Mona Kluck rådgiver

Tlf: 40 91 63 99

mona.kluck@vtfk.no

Kontaktperson ved KoRus:

Rosanne Kristiansen

spesialrådgiver, KoRus Sør

Tlf: 99 42 06 88

rosanne.kristiansen@korus-sor.no

Kontaktperson lokalt ved Vest-Telemark vidaregåande skule: 

Siv Reidun Eide

Studieleiar

Tlf: 95854292

siv.reidun.eide@vtfk.no

For meir informasjon om Ungdata og tidlegare resutat frå undersøkinga: 

Gå til www.ungdata.no