Bibliotek

Biblioteket er i all hovudsak lokalisert til kulturhuset. Alle skulebøker får du utdelt i mediateket.

Bibliotektenester

Vest-Telemark VGS si mediesamling er delt på to stader.  Lærebøker vert utdelt og samla inn i mediateket, resten finn du på Tokke bibliotek (hovudbiblioteket) i Tokke kulturhus, næraste nabo til skulen. Fjernlån (lån frå andre bibliotek) kan du be om båe plassar.

Mediateket er bemanna måndag 8-15:30 og følgjer skuleruta.  Her treff du skulebibliotekar Hilde Grandal.  E-post: hilde.grandal@tokke.kommune.no.  Mediateket er stengd i skuleferien.

Tokke bibliotek har, så lenge me er i ein form av Corona-beredskap, redusera opningstider.  I skrivande stund gjeld følgande: tysdag, torsdag, fredag 10-15, onsdag 10-17.  Bemanna heile tida.  Ved normaltilstand vil det vere såkalla meiråpent.  Det betyr fleire dagar, lengre opningstider inkludera ubemanna tidspunkt.  Gjer dykk kjende med ev endringar – gjerne via FaceBook-sida til Tokke bibliotek.

NB! Sommarope bibliotek:

"Sommeråpent i Tokke bibliotek uke 25-32 er mandag-fredag 9-15.  F.o.m uke 33 HÅPER VI å kunne gå tilbake til «normalen» med meråpent mandag-lørdag, men det vet vi ikke ennå."

Viktig om sjølve skulebokutlånet.

Utlevering, innlevering, nye lånarkort osb. skjer på mediateket på Dalen og biblioteket i Seljord.  Kontaktlærar gjev informasjon om oppmøte ved felles utlevering og innlevering. Bruk Teams og oppslag på skulen, og info i dette heftet.

Har du spørsmål, fått feil bok, feil målføre eller liknande, kontaktar du skulebibliotekaren i opningstida eller sender ein e-post.  Du kan og spørje kontaktlærar, viss det hastar veldig.  MERK at bibliotekaren av og til sender ut sms til elevane med ulik informasjon.  SMS-tjenesten er knytt opp mot biblioteksystemet, men har ingen svar-funksjon. 

Ditt ansvar som elev

Skulen kjøper inn og eig lærebøkene. Elevane låner det dei treng. Kvart lån blir knyta opp mot din personlege lånekonto. Det betyr at du er ansvarleg for alle lån som står i ditt namn.  Ved skuleslutt skal alt innleverast. 

Den nye fylkeskommunen har skjerpa reglene for læreboklån frå og med innleveringa 2020.  Det er kortare fristar og strengare regler, så for de eiga skuld: hald orden på bøkene du låner. Det som manglar må erstattast med pris på ny bok.  Merk også at det kan bli kravd erstatning for øydelagde bøker. Lærebøker er dyre: 450-900,-/stk. Sett du på bokbind og skriv namnet ditt utanpå ved utlevering er det lettare å halde styr på dine lån.  Du kan og skrive namn og skuleår inni permen. 

Ta alltid kontakt med bibliotekaren ved bokbyte mellom elevar, så blir det riktig på elevkontoane.  Kvar bok er merka med ei unik kode, så det hjelper ikkje å levere ei bok av same slaget om det ikkje er denne boka som er registrera på din konto. 

Me oppfordrar til å bruke låsbart skap eller skulesekken til oppbevaring av bøkene medan du er på skulen, og sjekk av og til at det er ditt namn som står i/på boka.

Publisert: 04.05.2020 Oppdatert: 10.09.2021 kl.14.53