Historikk

Vest-Telemark vidaregåande skule består i dag av skulebygningane på Dalen og skulebygingane i Seljord. Slik har det ikkje alltid vore

Vest-Telemark vidaregåande skule tok frå 1. januar 2014 over det administrative ansvaret for den vidaregåande skulen i Seljord. Skulen har no 6 avdelingar, om lag 300 elevar og 70 tilsette, og vi tilbyr desse utdanningsprogramma:

  • Elektro [EL] – på Dalen
  • Helse- og oppvekst [HO] – på Dalen
  • Media & kommunikasjon [MK] – i Seljord
  • Restaurant  - og matfag [RM] – i Seljord
  • Studiespesialisering [STS]– på Dalen
  • Påbygg  til studiekompetanse [PB] – i Seljord
  • Teknikk- og industriell produksjon [TIP] – på Dalen

Me jobbar for å bli ein tydeleg regionskule i Vest-Telemark, og me jobbar saman med offentleg og privat sektor for å kunne tilby dei faga og den utdanninga som regionen treng.

Skulen sin visjon er framleis: Alle kan! - Me hjelper deg fram. Den seier mykje om korleis me ser på elevane som eit einskildmenneske me berre MÅ tru på: for alle kan noko!

Både Seljord og Dalen har vore gjennom mange endringar og vi er av den grunn ein skule med lang historie og lange tradisjonar.

Historia til skulen på Dalen

Vest-Telemark vidaregåande skule (før Dalen vgs.) var den fyrste vidaregåande skulen som den nye Fylkeskommunen etablerte, og den starta i 1977 som ein kombinert skule med både teoretiske og praktiske liner.

Skulebygget og skulen på Dalen

Dei 4 fyrste åra leigde vi lokale av Tokke kommune og var spreidd rundt om i fleire bygg. I 1981 flytta vi inn i nytt skulebygg. Det ligg ved sidan av Tokke skule og idrettsplassen - og mellom elva og eit vakkert gamalt gardstun; Moen.

Skuleanlegget er teikna av firmaet Arkidè, og er eit bygg som kombinerer moderne, opne løysingar med tradisjonelle kraftige trekonstruksjonar, store glasflater og skrå tak. Bygget, som kosta 24 millionar, har store og små klaserom og ein del for praktiske fag, alt på eitt plan, 4700m. Tre atrium med grøntanlegg, kunst og trivelege sitjeplassar gir også lys og trivsel til romma og dei store korridorane. Her finn ein bord og benkar utanfor klasseromma, og dei er eit alternativ til den store kantina. Veggane er smykka med kunst . Mykje kom i samband med opninga av skulen, og vi har og fått mange kunstverk gjennom åra.

Seinare har skulen blitt utbygd med ny verkstadfløy. Tokke kommune bygde idrettshall i tilknyting til skulen, seinare også nytt kulturhus. Alle undervisningsrom er godt vedlikehaldne og har alt naudsynt elektronisk utstyr. Konklusjonen er at vi i dag har eit skuleanlegg som er tidsmessig, funksjonelt og vakkert, - og difor svært triveleg å arbeide i for elevane og personalet.

Skuletilboda våre fram gjennom 1980-åra

Skuletilbodet vårt i starten i 1979, var 2-årige grunnkurs på handel- og kontor og på maskin- og mekanikarlina. Så kom det same grunnkurset for helse- og sosialfaglina. I 1979 starta 3-årig utdanning i allmennfag, med språkline og naturfagline. 

Det var stor etterspurnad etter mekanikarar, både på dei mindre verksemdene i Vest-Telemark og i industrien i Grenland. Seinare på 80- talet fekk vi difor vidaregåande kurs Landbruksmekanikk VK I og II, der elevane gjekk ut med både vitnemål og fagbrev. 

I kraftkommunane her i Vest-Telemark, og på grunn av den rivande elektroniske utviklinga, vart det auka interesse og behov for arbeidskraft innan elektrofag , og dermed fekk skulen og her eit grunnkurs.

Fleire i regionen ønskte utdanning innan kontor og omsorgsyrka, der det var arbeid å få. Skulen utvida tilboda på handel- og kontorlina til VK I-kurs innan økonomi og rekneskap. I samarbeid med Foldsæ landbruksskule hadde vi og kurs i landbruksrekneskap, som blei vidareført her då Foldsæ blei nedlagt.

Konklusjonen er at i 1980-åra fekk vi dei grunnleggjande skuletilboda som var i pakt med ønskja frå kommunane og næringslivet i vår region, og samstundes var det dei linene som dei fleste unge og utdanningssøkjande også ynskte.

Vest-Telemark Ressurssenter

I 1989 blei Kommunaldepartementet og Kyrkje-utdannings- og forskningsdepartementet einige om eit felles prosjekt for samarbeid mellom vidaregåande skular og lokalt næringsliv. Prosjektet fekk namnet Ressurs- og utviklingstiltak, forkorta RESULT. Det skulle gå over 2 år på 14 stader over heile landet. Skulen vår fekk etter søknad tildela prosjektet i Telemark. Dette innebar ein prosjektleiar på skulen og økonomiske ressursar til drifta. Målsetjinga var å utvikle samarbeidet mellom skulen, fagopplæringa, det lokale næringslivet, arbeidsmarknadsetaten og kommunane.

Av tiltak som blei sett i gang, kan nemnast: 

Dataopplæring, ulike AMO-kurs t.d. innan TV-media, helse/miljø, reiselivsprosjekt, sveising og lafting. I tillegg vart mange nasjonale og internasjonale prosjekt leia frå ressurssenteret. Resultata var gode både med omsyn til samarbeid, utvikling og økonomi. Dette har nå blitt ei eiga avdeling på skulen som har fått namnet Vest-Telemark Ressurssenter.

Målet er å stadig utvikle nye kurs og tilbod. pr. no er hoduddrifta retta mot snoskuteropplæring.

Ressurssenteret vårt har ført heile samfunnet inn i skulen, og vi har blitt ein møteplass for vaksenopplæring, IKT-utvikling, samarbeid med næringslivet og kommunane innan miljø, språk, kultur og reiseliv for å nemne nokre område.

Reform 94 og utviklinga i 1990-åra

Reform 94 medførte ny organisering og nye fag i den vidaregåande skulen, samstundes som ein også skulle ta betre hand om elevar med ulike føresetnader. Etter VK I-kursa skulle elevane på dei praktiske linene fullføre opplæringa si som lærlingar ute i arbeidslivet.

Utfordringa vår blei nå å få enda betre kontakt med bedriftene og helseinstitusjonar for å gje arbeidspraksis og lærlingplassar.

Kunnskapsløftet

Med kunnskapsløftet vart alle dei yrkesfaglege retningane til utdanningsprogram, og kursa vart programområde. Me beheld dei same utdanningsprogramma, mens ein del av programområda har endra namn og har fått noko anna innhald. Nytt med kunnskapsløftet var at dei aller fleste yrkesfaglege utdanningsprogramma fekk løysinga med to år i skule (VG1 og VG2) og to år i lære før fagbrev.

Mekaniske fag (No: Teknikk og industriell produksjon -TIP):

Skulen laga mange samarbeidsavtaler, slik at også td. elevane på VK I mekaniske fag fekk prøve seg i arbeidslivet.  

Vi fekk ein eigen lærlingkoordinator som hadde heile Vest-Telemark som arbeidsfelt, og han skaffa lærlingplassar. Sidan det var vanskeleg å få allsidig nok utdanning for lærlingar innan landbruksmekanikk på dei små verksemdene i distriktet, fekk vi VK II- kurs, med avsluttande fagprøve på skulen. 

I tillegg fekk vi VK I-kurs Skipsbygging og  VK I Kjøretøy.

Etter kunnskapsløftet har vi variert mellom ein og to klassar på vg1, og med Vest-Telemarkmodellen har vi på VG2 hatt dei tre programområda; Industrimekaniker, Kjøretøy og Arbeidsmaskiner.

Helse- og sosialfag (No: Helse- og oppvekstfag)

Her fekk vi VK I-kurs Omsorgsarbeidar, og parallelt kom det Hjelpepleiar-kurs på Ressurssenteret vårt. Etter kvart vart Omsorgsarbeiderfaget bytt ut med Hjelpepleiarutdanninga, og me hadde i fleire år VK1 og VK2 Hjelpepleiar. Med Kunnskapsløftet vart Omsorgsarbeider og Hjelpepleiar slegne saman til VG2 Helsefagarbeider. Ved hjelp av Vest-Telemarkmodellen fekk me også programområdet VG2 Barne- og ungdomsarbeider.

Allmenne fag (No: Studiespesialisering)

Fagtilbodet har blitt større og vi fekk fordjuping i samfunnsfaga. I dag er har vi full fordjuping både innan Realfag og Språk og samfunn, både på VG2 og VG3.

Vaksenopplæring:

Då dei kombinerte grunnkursa blei borte med R 94, auka interessa for vaksenopplæring i allmennfaga. Mange ynskte studiekompetanse for å bli t.d ingeniør, journalist, sjukepleiar, lærar, sosionom eller få eit anna høgskulestudium som var relevant for behova i regionen. Fleire tok fag i dei ordinære klassene, dersom det var plass. Skulen hadde kvart år kveldsundervisning i to allmennfag etter ein fast plan, slik at ein fekk studiekompetanse. Vi har og hatt vaksenopplæring i praktiske fag som lafting og sveising. Vanlegvis er det ressurssenteret som tar seg av vaksenopplæringa både på kveldstid og dagtid.

Slutt

Historia til skulen i Seljord

Her skal det inn tekst frå ein eller annan historikar

Organisasjonsutvikling

Skulen har endra organisasjon, og utfordringa er heile tida å ta vare på alle elevane våre ved å gi dei ei god fagleg og tilpassa opplæring tilpassa samfunnet rundt oss, samstundes som dei trivast og utviklar seg til harmoniske menneske. Dette er målsetjingane i R-94 som vi arbeider etter.

På veg inn i 2000-talet ved århundreskiftet hadde vi starta med den nye leiarstrukturen som var vedtatt av Hovudutvalet for vidaregåande opplæring i Telemark. Bakgrunnen var å få ein organisasjon som var betre tilpassa dei nye oppgåvene i skulen. Utover i 90-åra var målstyring det berande prinsippet i Fylkeskommunen. Verksemdene fekk disponere ressursane friare, og dei fekk meir handlefridom, men også meir ansvar. Dette blir ført vidare ved at sentraladministrasjonen blir redusert, og fleire oppgåver blir overført til den einskilde arbeidsplass, t.d, skulane, slik det er gjort i den nye strukturen. Skulen er nå oppdelt i avdelingar og med eit felles tenesteapparat: administrativ og pedagogisk stab.

Elevane står i fokus. God læring er basert på tett og konkret samhandling med faglærar. Kvar elev har sin kontaktlærar som følgjer opp planar og progresjon. Elevsamtaler, fagsamtaler og sjølvstudier med tilgjengeleg faglærar, er og gjennomført.

Elevane har og sitt styringsorgan - Elevrådet.

Skulen er i dag omorganisert for å møte krava frå elevane og samfunnet på ein meir tidsmessig og betre måte. Dataalderen og internasjonaliseringa er etablert, og dette gir stadige endringar. Data rasjonaliserer og endrar arbeidsmåtar, men kompetanseutvikling og utstyr krev store ressursar.

Det blir stilt stadig større krav til oss om integrering av alle grupper i skulen. Det krev ein open kultur og velvilje. Utfordringane er mange framover. Endringane blir fleire og fleire, og det vil gå raskare og raskare.

 

 

Publisert: 03.07.2020 Oppdatert: 09.07.2020