Elektro og datateknologi

Skulen tilbyr VG1 elektrofag og fordjuping innan elenergi på VG2. Etter det kan du gå ut i lære i dei fleste elektrobedrifter i regionen. Statkraft, Vest-Telemark kraftlag, Statnett og Rauland kraftforsyningslag innan kraftbransjen, og elektroinstallatørbedrifter, som mellom anna Rauland elektro og  Strømstad elektro, har henta mange lærlingar frå skulen vår.

Er elektro og datateknologi noko for deg?

Du lærer

  • installasjon og vedlikehald av elektriske og elektroniske system
  • montering, kopling og programmering av elektriske og elektroniske system og anlegg
  • reparasjon av elektrisk utstyr
  • om utvikling av nye elektroniske produkt
  • konfigurering og programmering av utstyr og komponentar
  • tryggleik og dokumentasjon

Du bør

  • vere nøyaktig og systematisk
  • ha anlegg for praktisk arbeid og ha godt handlag
  • vere serviceinnstilt og ha ein logisk tenkjemåte
  • vere kreativ og ha godt fargesyn

Du kan bli

  • elektrikar, elektroreparatør eller energioperatør
  • tavle-, signal eller heismontør
  • avionikar eller flymekanikar
  • romteknolog, data- eller produksjonselektronikar
  • automatikar eller FU-operatør
    Sjå alle yrke og kompetansar 

Arbeidsstader

  • offentlege eller private bedrifter
  • prosess- eller elektronikkindustrien
  • mekanisk industri, energiverk eller jernbanedrift
  • data-, fly- eller oljebransjen
Beskrivelsen er hentet fra vilbli.no

Publisert: 19.06.2020 Oppdatert: 10.09.2021 kl.13.46