Vekslingsmodellen

Vil du bli tømrar, røyrleggar, kokk eller servitør?
Hausten 2022 starta vi opp nye yrkesfaglege utdanningar som kan vere akkurat det du ynskjer deg.
 
Opplæringstilbodet kallar vi vekslingsmodellen. I staden for fem dagar på skulen, går du delvis på skulen og er delvis på arbeid. Du får opplæring i bedrifter, og det blir mykje praktisk arbeid.
 
Du kan bli tømrar eller røyrleggar. Du kan også gå restaurant og
matfag, då kan du bli kokk, ernæringskokk eller servitør.
 
Fleire verksemder i Vest-Telemark ventar på å få lære deg opp! Det einaste som manglar, er at du vil til dei!
 
Korleis søker eg?
 
Sidan utdanninga er lagt opp slik at du får status som lærling med ein gong, må du sende søknad direkte til skulen. Frist: 1. mars.
  • Søk direkte via skulen si nettside - bruk lekkja til høgre her ->.
  • Fyll inn søknadsskjema og legg ved karakterar frå 1. termin.
  • Legg gjerne ved attestar frå sommarjobbar og anna erfaring.
  • Søkarar blir kalla inn til intervju.
 
OBS! Hugs at du må søke andre utdanningar i VIGO i tillegg.
 

Saksgang og informasjon

 
 

Publisert:

10.12.2021

Oppdatert:

08.08.2023 kl.13:44

Søknadsskjema: 

Klikk deg inn på lekkja her

Du kan også scanne QR-koden under

QRCode for Søknad 2023_Vekslingsmodell ved Vest-Telemark vidaregåande skule (2).png